
Arrangement 2026

JULEKONSERT MED HILDE SELVIKVÅG
Søndag 13. desember 2026 kl. 18 🎄
Såå kjekt at Hilde Selvikvåg kjem til Olaløo, kjem du? Velkomen til ein varm og stemningsfull førjulskveld med vakker musikk og god julestemning. ✨
Hilde er songskrivar og artist frå Jæren som lagar popmusikk på jærdialekt. Ho har vore nominert til Spellemannspris, delteke i Idol og er å høyre på NRK sine radiokanalar.
Ho er kjend for personlege tekstar, varm formidling og evna til å skapa nær kontakt med publikum. Mellom dei mest kjende låtane hennar finn ein Karusell, Indie og Fryd.
I 2021 starta ho òg sin eigen hageturné, der ho held konsertar i private hagar og i små lokalsamfunn. i 2025 starta ho konseptet Julekarusellen der ho held julekonsertar rundt om i heile landet. Begge konsepta har vorte svært populære og no kjem ho og julekarusellen til Olaløo.
Me gler oss 🎅✨
Billettar til Hilde sin konsert kjøper du her
Bordbestilling familiejulebord i kontaktskjema under, NB! julebuffet er ikkje inkludert i konsertbillett. Les meir om meny og pris her
