Olaløo
Smakfulle tradisjonar, frå fjord til fjell
Velkomen til oss
Olaløo på Bondhus er ein av vestlandets beste gardsrestaurantar, me kan tilby selskap og arrangement av alle slag. Lokal mat, lokale tradisjonar midt mellom bre, fjord og fjell.
Me kan tilby private arrangement som bryllup, konfirmasjon, dåp, jubileum og julebord.
I tillegg tek me i mot grupper for lunsj, middag eller kaffi på førehandstinging, dette kan vere alt frå elevar på skuletur til sightseeinggrupper frå cruisebåt og buss.
Kurs og konferanse; Olaløo har wifi, 4G dekning, lerret og eigen prosjektor, inviter gjerne kollegaer på seminar med eit godt måltid attåt.
Open kafe: I den hektiske turistsesongen, juni og juli opnar me opp kafeen vår.
Storstova: Festsal der me kan dekka til inntil 100 personar
Floren / Vetlastova: Lite intimt lokale for mindre arrangement, plass til ca 25 personar
Bruraloftet: Liten sal i 2 etasje, her kan me dekka til 30 personar
Velkomen skal du vera!
Midt mellom fjord og fonn
og på dørstokken til Folgefonna

Olaløo ligg i eit av Noregs vakraste landskap. Kvar sommar valfartar tusenvis av turistar inn Bondhusdalen for å sjå natur og bre. Sundal er eit godt utgangspunkt for turar i Folgefonna nasjonalpark. Kombiner ein tur i vår vakre natur med eit måltid i løo. Treng du overnatting, breførar, guide eller båtplass så bistår me gjerne med informasjon.
