Om oss
Vår historie og lidenskap
Mat og drikke for gane og sjel
I den djupe fjorden, i den ville naturen og i dei kalde fjellvatn lever fangsten som har metta våre forfedrar i hundrevis av år. Dette vil me vidareføra med å tilby deg lokale råvarer og lokale mattradisjonar. Me går heller ikkje av vegen for å tenkja nye og spennande rettar av alle slag. Det er opp til deg kva du vil eta og drikka på våre bord. Ta kontakt så tilpassar me måltidet og arrangementet akkurat slik du ynskjer. Me har alle rettigheiter når det gjeld alkoholservering og tilbyr gjerne lokalbryggja cider og øl.
Vel bekomme!
Vertskapet
Me gjer vårt beste for at du skal trivast hos oss
Servitør Inger Lise Bondhus med ektemann og snikkar Arild Lunde.
Me ynskjer velkomne til i ein av vestlandets eldste gardsrestauranter. Me tilbyr deg tradisjonsmat servert i stilfulle og trivelege omgjevnader.
Inger Lise er oppvaksen på Bondhusgarden, ho overtok løa etter foreldra Kjersti og Bård Bondhus i 2011, då dreiv ho restauranten i 5 år, etter ein pause starta ekteparet for fullt på ny drift i løo 2020. Inger Lise har stor lidenskap for mat, vin og likar å stelle i stand selskap. Inger Lise har lang erfaring som servitør frå Bergen sine velrenomerte restaurantar, deriblandt To kokker og Bryggeloftet.
.
Medlem av HANEN
Olaløo er medlem av HANEN som er ein landsdekkande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme og gardsmat i Norge. HANEN har i overkant av 525 medlemsbedrifter over heile landet. Medlemskapet viser at Olaløo som bedrift tilbyr kvalitetsopplevelsar og produkt basert på kultur og omtanke.
Meir informasjon finn du på HANEN.no
Løo vår
Løe frå 1821 restaurert til særprega selskapslokaler
Olaløo er bygd i 1821 av Ole Bårdson og er ei grindløe, i 1995 vart løa fullrestaurert til selskapslokale. I høytufta viser dei kraftige konstruksjonane, grindane og her er storstova. Floren (fjoset) er blitt "vetlastovo", noko av den er blitt gang med trapp til garderobe i møkkaskuten og toalettanlegg i sauafjøset. Mykje av dei opprinnelege murane og konstruksjonane som er bevart er synlege her, saman med gamle kjørler og reiskap som har tilhøyrt garden.
Løo er ei av dei få som er att i dette området der mykje av denne gamle konstruksjonsteknikken er intakt.
Olaløo skal vera ein triveleg serveringsstad utanom det vanlege, og produktet skal tilpassast den enkelte gjest sine ynskje så langt som råd er. I tillegg til god og tradisjonell mat med tilknytning til garden og lokalmiljøet vert det lagt vekt på opplevingar i tillegg til måltidet. Eit besøk i løo i kombinasjon med å gå seg ein tur i kulturlandskapet med Bondhusdalen og breen som viktige element er noko som skal vera med å heva vårt produkt til noko ein gjerne vil anbefala til vener og kjente når ein kjem heim att.
Det har gleda oss stort at lokalmiljøet nyttar lokala våre, opp gjennom åra har her vore mange typar selskap, både private lukka lag og arrangement som er open for alle. Vi håpar å ha eit fleksibelt produkt som kan tilpassast dei enkelte grupper sine ynskje.
Ute på tunet har me god parkering for gjester, me har i tillegg grindaløa som er ypperleg ramme for grill og uteselskap.
Velkomne til gards!
Naturen vår
Sundal og Bondhusdalen har vore turistmagnet i 120 år, magneten er naturen som vil lokka turistar å komme hit også i lang tid framover. Kombiner gjerne eit besøk i løo med turar i storslåtte omgjevnader.